VELKOMMEN!
Midt i sentrum av Dombås finn du eit tradisjonsrikt hus som oser av sjarm og atmosfære. Veggene er pryda med gamle fotografi som fortel historia til den gamle bokhandelen på Dombås – som vart bygd i 1912.
Her kan du nyta ein kaffikopp for deg sjølv eller ta med deg venner og familie på ein kveld med god mat og drikke.
På menyen finn du ei blanding av tradisjonell husmannskost og moderne rettar. Lokale råvarer står i sentrum, og det gode utvalet av kaffedrikker, øl, vin, drinkar og alkoholfrie alternativ gjer det enkelt å finna noko som passar til.
Bokhandelen er ein uformell plass der alle kan kjenna seg heime, og du kan òg bli med på musikk-, quiz- og temakveldar.
Velkommen til ein unik plass for deg som set pris på god mat og drikke!
OPNINGSTIDER
Måndag: Stengt
Tysdag: 10:00–17.00
Onsdag: 10.00-20.00
Torsdag: 10.00-20.00
Fredag: 10.00-00.00
Laurdag: 10.00-17.00
Søndag: 12.00-17.00
SER DU NOKO SOM FREISTAR?
KVA SKJER PÅ BOKHANDELEN?
Unnveig Aas er artist, låtskrivar og forfattar, og ho lagar musikk i landskapet mellom country, folk, pop og rock. Med ei nydeleg stemme og eit særeige musikalsk sound har ho utmerkt seg på den norske musikkscena.
Sigurd Brørs, dombæsing sidan 2021, gjestar Bokhandelen igjen, denne gongen med eit konsertkonsept han har kalla TRU PÅ EIGEN TVIL.
Vi inviterer til ein førjulskveld full av humor når fire standupkomikarar tek turen til Bokhandelen for ein kveld med latter og glede.