Foto: Jørgen Krokan
Med låtskrivarteft, ei stor stemme og ein nær formidlingsevne har singer songwriter Sara Fjeldvær nådd eit stadig veksande publikum i Noreg. Ho har evna til å bergta med konsertane sine, og ho har vorte omtalt som ein historieforteljar av rang og ei motvekt til den retusjerte og kommersielle popvokalen.
Hennar tredje soloalbum «Love and Other Songs» (2025) er hennar næraste og vakraste så langt, med solide låtar og treffande tekstar om kjærleik og verda.
Fjeldværs kombinasjon av folk, jazz, pop, rock og americana er nyansert, modig og intim, karakterisert med varm instrumentering, nerve og uføreseielege vendingar.
Ho har vore svært produktiv dei siste åra og fekk nyleg Det Norske Komponistfondets nyoppretta pris «Singlaspiren» (2025) og Adresseavisens musikkstipend (2026), og ho er stadig aktuell med konsertar rundt omkring.
No tek ho turen til Bokhandelen, og vi gler oss!