Tilbake til alle arrangementer

Bokhandelen-quiz

Fredag 18. desember er det duka for quiz på Bokhandelen igjen. Denne gongen står vi for spørsmåla sjølv, og vi kan lova noko for alle kunnskapsnivå.

For at så mange som mogleg skal få høve til å vera med, gjennomfører vi den same quizen klokka 18.00 og 21.00. Om det ikkje blir fullt, samlar vi heller alle deltakarane til éin quiz.

Vi har plass til ti lag per quiz, og kvart lag kan bestå av opptil fire personar. I tillegg til heider og ære får både første-, andre- og tredjeplassen premie.

Meld på laget ditt innan klokka 20.00 kvelden før ved å senda ein e-post til laila@gamlebokhandelen.no eller ei melding til Bokhandelen på Facebook. Påmeldinga kostar 50 kr per deltakar.

Forrige
Forrige
11. desember

Amy Belle

Neste
Neste
29. desember

Quiz med quizmaster Jonas Frich