Amy Belle er fødd Amy Lindop og vaks opp i Glasgow saman med mor, far og to eldre brør. Allereie som 16-åring droppa ho ut av skulen og sette kursen mot London for å satsa alt på musikken. Der starta ho The Alice Band, som hadde fleire utgivingar – mellom anna «Nothing On (But The Radio)», som vart plukka opp av Pepsi Chart i 2002.
Men det var først då ho kom heim til Glasgow og igjen stod åleine på gata og spelte at eventyret verkeleg byrja. Rod Stewarts folk oppdaga henne, og plutseleg stod ho på scena med ei legende. Den duetten forandra alt. Ho vart flogen til Los Angeles, jobba med superstjerner som Chris Martin (Coldplay) og Tim Wheeler (Ash), gav ut musikk og vart ein snakkis i heile bransjen.
Ho var «special guest» på store konsertar med Neil Young, Bob Dylan, Robert Plant og The Pretenders, for å nemna nokon. I tillegg leverte ho låtar til mellom anna Miley Cyrus, og ho skreiv og jobba saman med mellom anna Tim Wheeler, Chris Martin frå Coldplay og gutane frå The Doors. Så vart det stille. Amy trekte seg tilbake. Ho forlét rampelyset, stifta familie og la musikken på hylla – i fullstendig stille.
No, to tiår seinare, har ho funne tilbake til røtene – og til seg sjølv.