Da er det klart for fjerde utgåve av «Sigurd og Ådnes musikklabyrint»!
For den som måtte lure: «Fjerde» betyr totalt frå oppstarten i 2025. Musikklabyrinten opererer ikkje med sesongar, han består av enkeltståande arrangement. Difor slepp laget ditt å dra med seg resultat frå tidlegare rundar, og du slepp å mønstre dei same lagkameratane frå gong til gong!
Radarparet Sigurd Brørs og Ådne Evjen køyrer på i same spor som før. Gjennom spørsmål om ikkje altfor ukjente songar og artistar, skal opptil 12 lag klore til seg så mange som muleg av 100 oppnåelege poeng. Nokre av spørsmåla vil ha innslag av live musikk, og nytt i denne utgåva er at vi har med oss Benjamin Aas som gjestemusikar på nokre av spørsmåla.
Bokhandelen har plass til tolv lag, og kvart lag kan bestå av opptil fire personar. NB: Ta med fullada mobil, så får du tilgang til oppgåvene digitalt.
Meld på laget ditt ved å sende e-post til laila@gamlebokhandelen.no eller skrive ei melding til Bokhandelen på Facebook. Siste frist er kvelden før.
Påmeldingsavgift på 50 kr per deltakar kan betalast i baren på konkurransedagen.
Dei tre beste laga blir premiert!