Våren 2025 opna Trygve Skaug endå ein gong hjartet sitt for verda med albumet «Ikke Slipp» – til stor glede for eit stadig veksande publikum som finn trøyst, styrke og fellesskap i orda og melodiane hans frå nord til sør, frå små kaféscener til store konserthus.
Trygve er ikkje berre ein låtskrivar og musikar, han er ein av Noregs mestseljande poetar, ei stemme som kviskrar, roper og femnar. Orda hans vandrar frå hand til hand, blir delte som løyndommar i natta, som lys i mørket. Diktsamlingane «Følg med nå» (2019) og «Ikke slipp» (2020) har åleine funne vegen til tusenvis av bokhyller, fang og hjarte. Også seinare utgivingar «Hjemmekamp» (2020), «Opprykk» (2021), «Dikt til navngitte menn» (2022) og «Det går over» (2024) har truffe lesarar og toppa salslistene.
Den musikalske reisa framfor eit publikum starta som vokalist i St. Morritz i 2006, men i 2012 tok han steget ut i sololandskapet. Der har han vandra sidan, gitt ut ti album, inkludert ei samleplate med KORK, og trilogien «Sanger du skal få...» I 2017 vart han nominert til Spellemannprisen for «Sanger du skal få når jeg dør», og i 2021 fekk han for alvor folket med seg då han deltok i «Hver gang vi møtes». Seinare same år fekk han Bjørg Vik-prisen, ei hyllest til hans evne til å berøra og forføra med ord, til å gjera poesi levande for nye generasjonar gjennom sosiale medium og moderne formidlingskanalar.
Og no tek han turen til Bokhandelen.
Som han seier sjølv: – Sanninga er at eg saknar å spela heile tida. Overalt. I kvar einaste krok av landet, på små og store scener, festivalar og kulturhus. Så no gjer eg noko med det. Det er så lett som det.
Og for at så mange som mogleg skal kunna få med seg konserten, speler Trygve to gonger denne kvelden – klokka 18.00 og klokka 21.00. Velkommen til oss!