Tilbake til alle arrangementer

Thorvaldsen-kara på Bokhandelen

Kent Erik Thorvaldsen er ein av Noregs mest dedikerte musikarar når det gjeld å spela gammal blues. Han er frontmann for det kritikarroste bandet The Jelly Roll Men, som har farta land og strand rundt på klubbar og festivalar i mange år. Bandet har samarbeidd med mellom anna Knut Reiersrud og held seg i Chicagoblues-landet. Bandet gav i 2017 ut plata «Jelly Roll Shuffle», som fekk terningkast 6 i Bluesnews.

Når Kent Erik no set seg ned med gitaren på scena, så er repertoaret endå eldre, og me skal tilbake til deltabluesen – til den tida då historieformidlinga var viktigare enn teknisk briljans. I haust gav han ut soloplata «SUGG.», der Knut Reiersrud og Arne Fjeld Rasmussen bidreg. Plata er full av deltablues på totning, og den er den første i sitt slag. Tekstane er henta frå Kent Eriks eige liv, og me kan lova at alt er sant!

Albert Rudberg-Thorvaldsen er son av ein bluesfundamentalist, så det ville vera rart om ikkje noko av den gamle musikken fann vegen til hjartet. Etter ein lovande ishockeykarriere, vart musikken for tiltalande. Det starta i rocken, men no er Albert på full fart opp og fram i bluesen. Han er allereie i ein alder av 19 år fast gitarist i The Jelly Roll Men, og han er ikkje redd for å syngja litt heller! Albert elskar den gamle bluesen, og han speler allereie med ein nerve og feeling som mange bruker mange år på å finna. For å sitera guten sjølv: «Alt eg vil er å spela blues».

Kjøp billett
Forrige
Forrige
17. april

Konsert med Martin Hagfors

Neste
Neste
5. juni

Siste servering på Bokhandelen