Tilbake til alle arrangementer

Hannasvik/Haukedal

Frank Hannasvik og Martin S. Haukedal har spelt ilag sidan 2018 og har saman skapa eit sterkt innvevd samspel, med røter i jazz/avantgarde, rockemusikk og folk. Dei bevegar seg gjennom eit repertoar som strekk seg langt over tid og stad, men materialet har til felles at den rørar ved noko eksistensielt i dei og garantert i publikum og!

Hannasvik/Haukedal vekslar mellom klanglige, vakre strekk og rå, rytmiske parti; eit typisk trekk for den musikalske relasjonen mellom gitar og trommesett.

Support: Benjamin Aas

Benjamin Aas kjem fra Inderøya og jobbar som tømrar på Lesja. Han har og bakgrunn som musikar, og vil opne kvelden på bokhandelen med vårlege tonar på seljefløyte.

Vel møtt te konsert!

Forrige
Forrige
15. mai

Thorvaldsen-kara på Bokhandelen

Neste
Neste
5. juni

Siste servering på Bokhandelen