Foto: Maria Uldahl
Fredag 24. april kan du kombinere ein betre middag med ein konsert med Kenneth Norum.
Til hovudrett får du heilsteikt ytrefilet av storfe, servert med peparsaus, maiskrem, smørdampa brokkoli og saltbakte mandelpoteter. Til dessert blir det vaniljeis med crumble og tytingcoulis . Alt er naturlegvis heimelaga.
Etter middagen tek Kenneth Norum plass i scenehjørnet vårt. Han voks opp i vesle Skogbygda. I 2017 kom debutalbumet «Heart on a Sleeve», som straks vart hylla av mange meldarar. Deretter vart det konsertar i store delar av Noreg og radiospelingar i inn- og utland. I 2024 kom hans siste album, «This Too Will Pass», og enda ein gong beviser Kenneth at han er ein låtskrivar frå den aller øvste hylla. Albumet hausta strålande kritikkar med mellom anna åtte av ti stjerner i den engelske musikkblekka Americana UK.
Han evnar å fengsla publikummet frå første tone. Med den rå og sjelfulle stemma si formidlar han låtane med ein nerve som merkast. Du kan fint trekkja linjer til Bob Dylan, Bruce Springsteen og Tom Waits, men det er også noko moderne over uttrykket. Om du er fan av Iron & Whine, Fleet Foxes eller Ray LaMontagne, kjem du til å lika Kenneth Norum.
Middagen serverast klokka 18.00. Prisen for både middag og konsert er 375 kroner. Det er begrensa antal plassar, så send ein e-post til madelen@gamlebokhandelen.no eller skriv ei melding til oss på Facebook innan tysdag 21. april for å reservera.
Har du lyst på konsert, men ikkje middag? Da finn du billettar her.