Blir ikkje quiz-nerva di stimulert nok av Snøva/Larssens eminente spørsmålskveldar på Bokhandelen? Synest du det er for lenge til neste runde? Eller føler du deg berre på trygg grunn når tema er musikk? Da er SIGURD OG ÅDNES MUSIKKLABYRINT korrekt svar for deg!
Musikklabyrinten skal vera eit lågterskeltilbud – men med innslag av mellomlåg terskel – der triveleg samvær er viktigare enn knivskarp konkurranse. Musikar Sigurd Brørs og musikkskribent Ådne Evjen har nok musikkinnsikt til å mekke interessante spørsmål – men meiner òg dei har nok sjølinnsikt til å styre unna altfor mest nerdete nøtter.
Dei to quizmasterane tek med seg gitarar, og mange av spørsmåla vil bli assistert av live musikkinnslag!
Bokhandelen har plass til ti lag, og kvart lag kan bestå av opptil fire personar.
Meld på laget ditt ved å sende e-post til laila@gamlebokhandelen.no eller skrive ei melding til Bokhandelen på Facebook. Gjer det seinast innan klokka 20.00 kvelden før – men tips: Gjer det så snart du kan, da det kan bli rift om plassane! Påmeldingsavgift på kr 40 per deltakar kan betalast i baren på konkurransedagen.
Dei tre beste laga blir premiert!