Tilbake til alle arrangementer

Bokhandelen-quiz

Har du lyst til å setja allmennkunnskapen din på prøve?

Då er Bokhandelen-quizen midt i blinken for deg!

Geir Snøva og Arve Larssen, dei eminente quizmasterane våre, inviterer til ein kveld full av finurlege spørsmål.

  • Vi har plass til ti lag, og kvart lag kan bestå av opptil fire personar.

  • Bokhandelens quizturnering går over tre kveldar i haust, og i tillegg til heider og ære får både fyrste-, andre- og tredjeplassen premie.

  • Same kva plass du kjem på, er du med og sankar poeng til samanlagtplassering i turneringa.

  • Laget som stikk av med turneringssigeren, får namnet sitt gravert på Bokhandelens gilde vandrepokal.

Meld på laget ditt innan klokka 20.00 kvelden før ved å senda ein e-post til laila@gamlebokhandelen.no eller ei melding til Bokhandelen på Facebook. Påmeldinga kostar 40 kr per deltakar.

Måtte det beste laget vinne!

Neste
Neste
21. november

Sigurd og Ådnes musikklabyrint