Tilbake til alle arrangementer

Ein heilaftan på Bokhandelen

Kva med å unne deg ein betre middag og ein konsert i førjulsstria? Laurdag 13. desember serverer vi først ein torettars middag, og deretter blir det konsert.

Til hovudrett får du heilsteikt ytrefilet av storfe, servert med Café de Paris-smør, maiskrem, smørdampa gulrøter og saltbakte mandelpoteter. Til dessert får du vaniljeis med skrulle og moltecoulis . Alt er naturlegvis heimelaga.

Etter middagen tek Trine Harbak plass i scenehjørnet vårt. Ho kallar seg sjølv «ein slags visesongar», har mellom anna vorte samanlikna med Leonard Cohen, og det siste året har ho teke eit solid steg inn på den norske visescena.

Her ligg med andre ord alt til rette for ein hyggeleg førjulskveld!

Prisen for både middag og konsert er 375 kroner. Det er begrensa antal plassar, så send ein e-post til madelen@gamlebokhandelen.no eller skriv ei melding til oss på Facebook innan fredag 12. desember klokka 16.00 for å reservera.

Har du lyst på konsert, men ikkje middag? Da finn du billettar her!

Forrige
Forrige
21. november

Sigurd og Ådnes musikklabyrint

Neste
Neste
13. desember

Konsert med Trine Harbak