Tilbake til alle arrangementer

Konsert med Trine Harbak

Laurdag 13. desember får Bokhandelen besøk av visesongar Trine Harbak, som det siste året har teke eit markant steg inn på den nordiske visescena.

Med debutalbumet «Da æ va av skog», som vart gjeve ut 24. oktober i år, har ho vorte lyfta fram som ein av årets sterkaste albumdebutantar.

Ho har allereie delt scene med mellom anna Stefan Sundström, Alexander Pettersen og Skjalg Raaen – og Sundström sjølv seier dette: «Så bra och cool, och som en kvinnlig Leonard Cohen. Skitbra!»

Musikken hennar balanserer mellom det jordnære og det poetiske og skaper ei intim forteljing om augneblinken, lengslane og forventningane i livet.

Har du lyst på en heilaftan med middag før konserten? Les meir her!

Forrige
Forrige
13. desember

Ein heilaftan på Bokhandelen

Neste
Neste
24. januar

Kjell Marius og Eon på Bokhandelen