Tilbake til alle arrangementer

Sigurd og Ådnes musikklabyrint

Sigurd og Ådnes musikklabyrint er klar for nytt år og nye rundar på Bokhandelen! Publikum gav gode tilbakemeldingar på både vanskegrad og underhaldningsverdi etter pilot-runden i november, så radarparet Brørs og Evjen kjører på i same spor. Det blir spørsmål om ikkje altfor ukjente songar og artistar – eksempelvis var a-ha, Oasis, Gitarkameratene og Taylor Swift representert i fjor. Og quizmeistrane spritar også denne gongen opp med live musikkinnslag.

Bokhandelen har plass til tolv lag, og kvart lag kan bestå av opptil fire personar.

Meld på laget ditt ved å sende e-post til laila@gamlebokhandelen.no eller skrive ei melding til Bokhandelen på Facebook. I fjor vart kapasiteten fylt opp, så ver gjerne ute i god tid. Siste frist er kvelden før.

Påmeldingsavgift på 50 kr per deltakar kan betalast i baren på konkurransedagen.

Dei tre beste laga blir premiert!

Forrige
Forrige
28. januar

Bokhandelen-quiz

Neste
Neste
13. februar

Konsert med Dag Vagle