Tilbake til alle arrangementer

Konsert med Dag Vagle

Fredag 13. februar kjem Dag Vagle attende til Bokhandelen, og vi gler oss om mogleg enda meir enn førre gong han tok turen!

Musikkjournalist Egon Holstad har skrive nokre linjer for å beskriva kva du kan venta denne kvelden.

Dag Vagle – verdas beste artist som ikkje er verdskjend

Forutan å vera eit terningkast 6-menneske er Dag ein av dei mest talentfulle og underkjende artistane vi har i dette landet. Sidan 2001 har eg sett han live i ulike konstellasjonar ein stad mellom 20 og 30 gonger, og det har veksla i spennet mellom knallbra og «heilt ubegripeleg klype seg armen-hysterisk»-dritbra.

Han er nok mest kjend som frontfigur i banda Helldorado og Flying Shoes, men han er òg ein svært ettertrakta studio- og sessionmusiker for ei rekkje andre. Eit drypp av Dag Vagle vil jo heva alle musikalske produkt, så det er jo ikkje akkurat underleg. Likevel er det solo og åleine på ei scene han verkeleg kjem til sin rett.

Bortsett å vera den beste vokalisten her på berget – uansett kjønn og sjanger – har han ei ubeskriveleg og paradoksal form for beskjeden autoritet i formidlingsevna si. Alt som kjem ut, høyrest ut som det er røska ut av ei anna tid, samtidig som det glir saumlaust inn i samtida. Sa eg at han er ein heilt enormt talentfull gitarist også? Vel, sjølvsagt er han det.

Hans eige låtmateriale er skyhøgt, og han er ein av få i verda som klarer å tolka Roy Orbison, Mickey Newbury, Townes Van Zandt og Tim Buckley på eit så himmelropande høgt og anstendig vis at ein for ei stokkete stund gløymer å tenkja på originalane.

Her har du heldigvis høve til å sjå han liva i si aller edlaste form, og då er det berre å skrota alle andre planar. Det finst knapt noko betre her til lands. Ikkje veit eg kva det skulle vera heller, men det er heller ikkje nøye. Musikk er ikkje konkurranse. Musikk er formidling av kjensler, og der er Dag ein sann meister av dei heilt sjeldne.

Kjøp billett
Forrige
Forrige
24. januar

Kjell Marius og Eon på Bokhandelen

Neste
Neste
14. mars

Konsert med Kåre Indrehus