Tilbake til alle arrangementer

Quiz på Bokhandelen

No får du nye høve til å setja allmennkunnskapen din på prøve!

Geir Snøva og Arve Larssen, dei eminente quizmeistrane våre, er tilbake for ein ny sesong med Bokhandelen-quiz, og dei inviterer til kveldar fulle av finurlege spørsmål!

– Vi har plass til ti lag, og kvart lag kan bestå av opptil fire personar.

– Quizturneringa går over tre kveldar, og i tillegg til heider og ære får både første-, andre- og tredjeplassen premie.

– Same kva plass du kjem på, kan du samla poeng til samanlagtplasseringa i turneringa.

Laget som vinn turneringa, får namnet sitt gravert på Bokhandelens vandrepokal.

Meld på laget ditt innan klokka 20.00 kvelden før ved å senda ein e-post til laila@gamlebokhandelen.no eller ei melding til Bokhandelen på Facebook. Påmeldinga kostar 40 kr per deltakar.

Quizmeistrane har også bede oss om å informera om at det ikkje er lov å byta ut meir enn maksimalt to deltakarar per lag per runde for å vera med i kampen om samanlagtsiger.

Måtte det beste laget vinne!

Forrige
Forrige
10. september

Strikkekafé på Bokhandelen

Neste
Neste
25. september

Pubkveld med trubadur Arly Karlsen