Tilbake til alle arrangementer

Pubkveld med trubadur Arly Karlsen

Arly Karlsen har lang fartstid som artist, og han har turnert over heile verda. Hans djupe og varme røyst har alltid fascinert publikum, og han har gitt ut 14 plater – både som soloartist og saman med andre. Det første store gjennombrotet kom med bandet Western Swingers på 80-talet, der han spelte saman med Arne Løland og Liv Jorunn Heia. Bandet gav ut fem plater og fekk heile tre gullplater. Kven hugsar vel ikkje «Trailerjenta»?

 I 2005 vart Arly kåra til «Male Vocalist of The Year» i European CMA Chart List, og han har sunge saman med kjemper som Boby Berre, Gene Watson, The Bellamy Brothers, Joanne Cash og Kinsey Rose. Når Arly speler opp, blir det garantert god stemning.

Forrige
Forrige
5. juni

Siste servering på Bokhandelen

Neste
Neste
11. desember

Amy Belle