Tilbake til alle arrangementer

Ottar Big Hand Johansen og Anders Sinnes

Ottar Big Hand Johansen, Noregs countryikon, presenterer Big Hand Country. Ein eineståande konsert, og ei spennande reise i countrymusikkens historie.

Med seg har countrykongen den eminente gitaristen og songaren Anders Sinnes. Låtspennet du får høyra, er stort og plukka på øvste hylle, frå Hank Williams, Merle Haggard og Highwaymen til Garth Brooks og Kenny Rogers.

Du får sjølvsagt også ein god dose med eigne låtar frå Ottars mange album, der fleire har vorte påskjønte med Spellemannprisen.

Han har og med seg Martine Haugen. Ho er kanskje berre 26 år gamal, men er allereie ein rutinert musiker å rekne, med mange festivalar og konsertar på samvittigheita.

For tida er gudbrandsdølen høgaktuell med eigne soloprosjekt, og ho er også låtskrivar og vokalist i det fremadstormande countrykollektivet Gone North. I tillegg til at ho er ein ettertraktet samarbeidspartnar for fleire band og artistar i Norge. Martine har country i blodet og syng med den umiskjennelege «twangen» som berre ei ekte countrysangerinne besitter.

Heilt sidan far hennar sette på ei plate av Emmylou Harris i bilen da ho var ei lita jente, har Martine hatt ein brennande lidenskap for countrymusikk. Denne lidenskapen tek ho med seg ut på kvar konsert i håp om å tenne countryflammen hjå publikum.

Forrige
Forrige
18. februar

Bokhandelen-quiz

Neste
Neste
25. februar

38 fortapte fly – den lokale luftkrigen i april 1940