Onsdag 25. februar klokka 19.00 kjem Rune Nørstegård frå Dovre og Lesja krigsminnesamling til Bokhandelen for å fortelja om luftkrigen over grendene våre i april 1940. Her vert det mykje spanande historie som kanskje ikkje alle er klar over!
Billetten kostar 100 kroner og inkluderer kaffi og biteti, og praten varar i omlag éin time. Vi håpar mange tek turen denne kvelden for å høyra kva som gjekk føre seg i lufta over Lesja og Dovre under andre verdskrig.