Jon Kolden på Bokhandelen
Når Jon Kolden lagar musikk, er det kjærleik for ekte countrymusikk som er drivkrafta.
Han har opp gjennom åra vorte kalla både ei countrylegende og ein av Skandinavias fremste artistar innan tradisjonell countrymusikk, og når han entrar scena, er det ingen tvil. Her er det rett og slett countrymusikk som blir servert.
Jons musikk-karriere starta då han i 1994 deltok i Country Music Grand Prix som vart arrangert av NCMO. Han enda på ein solid andreplass med ein eigenskrevet låt, i konkurranse med etablerte countryartistar frå heile verda.
Han er sterkt påverka av artistar som Johnny Cash, Vern Gosdin, Don Williams, George Strait og George Jones, for å nemna nokon få, og repertoaret strekkjer seg frå songar av kjende og kjære countryartistar til dei sjølvskrivne låtane hans
18-årsgrense. Billetten kostar 150 kr og seljast i døra.
Velkommen til ein kveld med ekte, tradisjonell countrymusikk!