Tilbake til alle arrangementer

Gjendiktingssmie

Gjendikting i teori og praksis!

Dersom ein skal laga ein norsk versjon av Beatles-teksten «Yesterday», og prøver å oversette teksten direkte, krøllar det seg allereie i dei åtte første orda «Yesterday / all my troubles seemed so far away».

Beatles-sviska er nemleg ein over snittet vanskeleg tekst å gjendikte, av grunnar vi skal kome inn på når Sigurd Brørs gjer om Bokhandelen til ei «gjendiktingssmie» denne onsdagskvelden i oktober.

Sigurd har ikkje fagbrev innan rimsmed-kunsten, men med 30 års erfaring kjenner han seg kapabel til å halde eit mini-kurs med utgangspunkt i nettopp «Yesterday». I 2013 gjekk Sigurd sin tekst «Vil du, vil eg» heilt til topps når 152 deltakarar kappast å lage Norges beste gjendikting av ein annan Beatles-song, «I Will».

TA MED EIN FAVORITTSONG!

eller ein kul gjendiktings-idé du allereie har. Etter kursinga vil nemleg Sigurd hjelpe deltakarane – og dei hjelpe kvarandre – med å kle om songar frå ei språkdrakt til ei anna. For eksempel frå engelsk til nynorsk, bokmål eller dovring. Eller frå svensk til stavangersk, for den del – utfordringane vil vera dei same!

TA GJERNE MED EIGEN PC!

Sigurd vil koble PCen sin opp mot prosjektor, og legge tekstane vi jobbar med inn i eit delt Google-dokument. Med eigen PC kan du jobbe med idear i same dokumentet samtidig.

Det er òg fritt fram for å ta med instrument. Sigurd tek med gitar, slik at vi kan teste ut undervegs om ideane våre blir syngbare.

KOMBINER MED KONSERT!

9 dagar seinare, fredag 23. oktober, spelar Sigurd solo-konsert same stad, og vil da inkludere éin eller fleire songar som har vorte «støypt om» i gjendiktingssmia.

Smia er gratis om du òg skal på konsert, ellers kostar deltakinga 60,– Konserten kostar 180,–

Forrige
Forrige
8. oktober

Unnveig Aas

Neste
Neste
16. oktober

Jon Kolden