Vi gler oss til å få besøk av standupkomikarane Raymond Falldalen, Per-Owe Helle, Tina Marie Andersen og Kristofer Bach. Dei lovar god stemning, og vi håpar at du tek turen!
RAYMOND FALLDALEN
Med sjølvironi tek Raymond publikum med seg inn i universet sitt. Eit univers som er brulagt med gode intensjonar, men der han ofte endar med begge beina godt planta i salaten. Med kvardagsleg humor vil publikum kjenna seg godt igjen og tenkja «Det er jo sånn i livet mitt også!»
Han er ein av dei komikarane i landet som reiser mest og til flest ulike stader – frå Mandal til Berlevåg. Han har vore ute med showa «Stjernesludd» (2021), «Ikke nok med det» (2024) og soloshowet «Ng i oppførsel» (2024). Han har vore finalist i Roast Battle, og i 2020 gav han ut humorromanen «Fine nykker og et nakkedrag».
PER-OWE HELLE
Per-Owe er komikaren som tek deg med på ein berg-og-dal-bane av latter – frå den mørkaste kjellaren i livet til dei mest absurde høgdepunkta. Han leverer alt frå surrealistiske betraktningar til bekmørke historier om økonomisk ruin, tabbane i livet og eit forhold til kattane sine som neppe er tilrådd av veterinærar.
Du finn han jamleg på Latter i Oslo og på Ole Bull Huset i Bergen, der han er eit av dei mest booka namna – anten som headliner eller som eit knallsterkt innslag. Ambisjonar? Oh yes. Så store at han til og med held motivasjonstalar for kattane heime: «No er me alle på diett, men så snart nokon bookar meg, blir det våtfôr på alle!»
TINA MARIE ANDERSEN
Tina Marie er ein frisk bris frå Nord-Noreg, som rundhanda spreier om seg med gode vibbar og hysteriske erfaringar. Ho er ein komikar som pratar rett fram, rett frå levra og rett til deg. Har du opplevd uhell i kjærleikslivet? Tina forstår deg godt. Har du opplevd pur lykke i kjærleikslivet? Tina aner ikkje kva du pratar om. Ho serverer ei kald skulder til frukost og nordnorske gloser til middag. Tina opptrer på scener over heile landet, og no gler ho seg til å besøkja Dombås.
KRISTOFER BACH
Om du lurer på korleis det ser ut å ramla ned frå månen, såg ver så god – her er Kristofer Bach. Med dei vanvitige betraktningane sine frå kvardagen fryktar me at mange av dykk vil kjenna dykk igjen. Og du vil tenkja «Spot on!»
Kristofer er ein nydeleg og avslappa kar som tenkjer på altfor mykje altfor ofte. Og altfor ofte og altfor mykje lurar me på: «Kvifor tenkjer du på det?» Men det er himla gøy, så me liker det. Me trur ikkje Kristofer nokosinne har vore så høgt oppe som Dombås, så det kan hende han trur det er tynn luft, og at han svimar av. Men det skal gå bra. Me lovar. Og sjå han før han svimar i alle fall av, for han er knall!