Tilbake til alle arrangementer

Siste servering på Bokhandelen

Siste servering er Kjetil Espeseth og Kristian Kaupang. Førstnemnde er poet. Sistnemnde er låtskrivar og artist. Saman flettar dei poesi og musikk med humor og alvor. Fredag 5. juni tek dei turen heile vegen frå Larvik til Dombås for å servera historier om bikkjer, tre, reunions, maritime observasjonar, plater og filmar, nye sjansar og gamle flammar. For å nemna noko. Det blir ettertenksamheit, humring og ganske sikkert ein klump i halsen.

Kjetil har så langt fire diktsamlingar på samvitet, sist med «Ting han har sagt til seg sjølv i årevis» som kom heilt på tampen av 2025. Kristian gav det same året ut sitt fjerde og kritikarroste soloalbum, «Siste sjanse».  

Sagt om Siste servering:
«Espeseth og Kaupang utfyller kvarandre perfekt og har utarbeidd eit konsept som fungerer svært godt i mange settingar og ulike rom, fordi dei har ei unik formidlingsevne til å dra med seg publikum inn i verda si uansett omgivnader» – Camilla Svendsen, Seksjonsleiar på Sandefjordsbibliotekene

Sagt om Kjetil Espeseth:
«Espeseth skriv, gjennom refleksjonar, situasjonar, idear og bilete, usedvanleg godt om dei mange rollene til mannen, om å finna sin veg i vaksenlivet og om famlande forsøk på å fanga kjærleiken. Han balanserer mellom det barske og lune (utan å bli eplekjekk), og det såre og nære (utan å bli sentimental). Slik til dømes Stein Torleif Bjella gjer i låttekstane sine.» – @litt.kritikk / Instagram 

Sagt om Kristian Kaupang:
«Kristian Kaupang har imponert på dei tre tidlegare albuma sine, og på fjerde forsøk klaffar alt. ‘Siste sjanse’ er eit stillfare, kjenslevart meisterverk.» – Erik Valebrokk / erikvalebrokk.no

«Kaupang er rett og slett ein god handverkar, ein singer-songwriter som ikkje lèt noko gå på slump.»  – Ådne Evjen / disharmoni.no 

Følg Siste servering på Facebook

Kjøp billett
Forrige
Forrige
17. april

Konsert med Martin Hagfors