Sigurd Brørs, dombæsing sidan 2021, gjestar Bokhandelen igjen, denne gongen med eit konsertkonsept han har kalla TRU PÅ EIGEN TVIL.
Som tidlegare sjef for pop-orkestra Karl Barx og The Brørs har Sigurd både Beatles-inspirasjon og punka ting i kofferten. Men han har heile vegen laga meir stillferdig singer/songwriter-materiale «på si», og åleine på scena framfører han ein variert miks av alt dette.
Tekstane har ein personleg og søkande grunntone. Samtidig er underfundig og sjølvironisk humor aldri langt unna, og det vil prege kvelden både i og mellom songane.
Den tidlegare langrennsløparen akkompagnerer seg sjølv både med gitar og piano.
Du kan varme opp med Sigurd sin nyaste singel «Drøm. Liv.» via denne Spotify-lista.
Under konserten vil fleire av songane på lista bli framført i nedstrippa drakt.
NB: Inkludert i konsertbilletten er òg gratis deltaking i Gjendiktingssmie på Bokhandelen onsdag 14. oktober. Nokre av dei gjendikta songar frå «smia» vil bli framført her!