VELKOMMEN!
Midt i sentrum av Dombås finn du eit tradisjonsrikt hus som oser av sjarm og atmosfære. Veggene er pryda med gamle fotografi som fortel historia til den gamle bokhandelen på Dombås – som vart bygd i 1912.
Her kan du nyta ein kaffikopp for deg sjølv eller ta med deg venner og familie på ein kveld med god mat og drikke.
På menyen finn du ei blanding av tradisjonell husmannskost og moderne rettar. Lokale råvarer står i sentrum, og det gode utvalet av kaffedrikker, øl, vin, drinkar og alkoholfrie alternativ gjer det enkelt å finna noko som passar til.
Bokhandelen er ein uformell plass der alle kan kjenna seg heime, og du kan òg bli med på musikk-, quiz- og temakveldar.
Velkommen til ein unik plass for deg som set pris på god mat og drikke!
OPNINGSTIDER
Måndag: Stengt
Tysdag: Stengt
Onsdag: 10.00-20.00
Torsdag: 10.00-20.00
Fredag: 10.00-00.00
Laurdag: 10.00-00.00
Søndag: 12.00-17.00
OPNINGSTIDER I JULA
22. desember: 10.00–17.00
23. desember: 10.00–17.00
24. desember: 1000–14.00
25. desember: 21.00–02.00 - 20-årsgrense
26. desember: 21.00–02.00 - 20-årsgrense
27. desember: 10.00–00.00
28. desember: 12.00–17.00
29. desember: Stengt
30. desember: Stengt
31. desember: 21.00 til 02.00 – 20-årsgrense
1. januar: Stengt
2. januar: 10.00-17.00
3. januar: 10.00–17.00